Skjerahaug bustadfelt i Erfjord
Skjerahaug bustadfelt i Erfjord er klart for sal. Feltet inneheld 9 ferdig oppmålte tomter, 8 av desse er for sal. To av desse kan seljast som konsentrert småhusbusetnad. (Tomt 1 og 2)
Bustadfeltet ligg fint og solrikt til, med nydeleg utsikt over Bogsfjorden. Bustadfeltet ligg nær natur og utmark. Feltet er opparbeidd med veg, vatn og avløp og har ein fin opparbeidd leikeplass. Det er kort veg til barnehage og eldresenter.
Kommunalt opparbeidde tomter skal nyttast til oppføring av heilårsbustader for fast busetnad eller utleigebustader for fast busetnad. Byggearbeida må fysisk vera sett i gong innan 24 månader etter at tomta er tildelt.
Tomtesøkjarar får fritt velje mellom ledige, byggeklare tomter. Er det fleire interessentar for same tomt blir det loddtrekking. Det er ikkje byggjeklausul knytt til tomtene.
Er det fleire interessentar om ei tomt før 01.12.2021 blir det loddtrekking. Etter 01.12.2021 er det første mann til mølla.
Me ber interesserte om å melda seg til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand v/Audhild Leirvik, 52 79 24 20 / 48 25 85 90, e-post: audhild.leirvik@suldal.kommune.no