Ropeidhalvøya
30 km sørvest for kommunesenteret Sand
- Det er om lag 120 husstandar som soknar til grendene på Ropeidhalvøya
- Frå Hebnes er det ferjesamband med mellom anna Jelsa, Nedstrand og Finnøy og hurtigbåtsamband med Stavanger
- I Vatlandsvåg ligg Kjølvikstølen barnehage, grendahus, idrettsanlegg med stor fotballbane og butikk
- I Marvik ligg Marvik skule, kyrkje og småbåthamn
- Bade- og turmuligheter "rett utanfor stovedøra"
Kjølvikstølen bustadfelt ligg inne i Vatlandsvågen. Tomtene ligg mot sør, og har flott utsikt mot Vatlandsvågen.
Huldrehaugen bustadfelt er eit bustadfelt som ligg sentralt i Marvik, med kort veg til skule og butikk. Tomtene ligg sør-vendt med utsikt ut mot Sandsfjorden.