Bu i Suldal - Om Suldal
Bustadtomter i Suldal

Vanvik

Vanvik ligg på nordsida av Hylsfjorden. For å koma til Vanvik i frå kommunesenteret Sand må ein kryssa Sandsfjorden, deretter ta turen nordover inn til Sauda og sør til Vanvik, totalt 50 km.

  • Om lag 60 husstandar soknar til Vanvik
  • Vanvik har både skule og barnehage
  • Næraste by er Sauda, om lag 30km
  • Idrettshall, friidrettsbane og symjehall i Sauda
  • Bade- og turmuligheter "rett utanfor stovedøra"

Vanvik bustadfelt ligg flott til ved Hylsfjorden, nær skule og barnehage. Feltet er under opparbeiding. Ta gjerne kontakt for å høyra status akkurat no.

Desse sidene tilhøyrer Suldal kommune